Vingar 5.divisjon

Da tida stod stille i Vingar idrettspark...

Vingar - Faaberg 3-3 (0-2): Løkken 2 og Kjæstad.

Robin Stødle Mikalsen; Morten Rastad (Hans Christian Enge), Reidar Kjæstad, Amund Waalen, Einar Lien; Hans Erik Torgersen, Håkon Gulliksrud, Gunnar Kaus; Einar Førisdal (Sondre Løkken), Peter Nilsen, Tobias Magnus.

Ballen trillar sakte, sakte, sakte mot mål. På femmeteren sit ein desillusjonert keeper og følgjer ballens bane med eit desperat glimt i auga. På Korpberget lettar ei kråke frå tv-masta, og kjem sirklande ned for å få med seg dramatikken. Ballen trillar framleis, i sakte film. Ein kvinneleg tilskodar tek seg til bringa og hikstar i spaning. Tida står stille. Skal Sondre Løkken, venstrebacken som er kasta fram som spiss i rein desperasjon frå eit hardt pressa trenar-team, skåre nok eit mål? Ballen nærmar seg, rullar om mogleg enda saktare nå, før den endeleg passerer den kvite streken teikna med ei halvblanding av kvitmåling og kaldvatn.

Mot alle odds leiar vi 3-2 mot serieleiar Faaberg2. Laget vi tapte 14-0 mot i vår, og som kontrollerte seg inn til 2-0 til pause. Skulle vi slå attende og ta tre herleg ufortente poeng mot dei lettare pompøse storebrødrene frå Jorekstad? Nei, ein stad må grensa gå. Så gavmild er ikkje fotballguden, det vart uavgjort til slutt, men likevel å rekne som ein seier for ikkje særleg blaserte Vingar-spelarar.

Som vanleg var telefonen rykande dei siste par dagane før kamp. Mjølkefeber, ung kjærleik, varelevering og påstandar om ærleg arbeid var blant dei meir eller mindre gode grunnane til forfall denne gongen. Men takka vere lokking, masing og direkte trugsmål fekk vi skrapa i hop lag også denne gongen, og dei som stilte ofra som vanleg alt dei hadde.

Det starta som forventa på ei relativt blaut grasmatte. Faaberg hadde ballen mest, og kom gong etter gong rundt på kanten og skapte farlegheiter. Eit par mål fekk dei også, etter å ha spelt seg gjennom forsvaret vårt. Men vi var mæssåm tilfredse lell, vi fekk låne ballen rett som det var, og kom til eit par halvsjanser også. I pausa var det som vanleg heftige diskusjonar om kva slags sprell vi kunne finne på for å henge slik nokonlunde med i andre omgang au. Som ut av intet dukka eit svært så radikalt og uventa forslag opp. Kva med å prøve Sondre Løkken som spiss? Nokon ymta frampå om ei vellykka Cruyff-vending på førre trening (i starten av august), og vi fann ut at vi hadde lite å tape. Vi skulle berre ant kor genialt det trekket skulle vere. For Løkken, som berre heilt sporadisk har skåra på trening, hadde virkeleg teke på seg Ian Rush-skoa i dag. Fyrst bommar han på totalt blankt mål, før han set inn 1-2 etter strålande innsats av angrepskamerat Peter Nilsen.

Dette gav oss blod på tann. Ja, det var faktisk nesten så vi tok over spelet ei periode der, og skremte halvsjokkerte Faaberg-spelarar med innsats og pågangsmot. Da bestemmer Gunnar Kaus seg for å ta ansvar. Banens kanskje beste spelar driblar seg forbi 5-6 mann, før han til slutt blir felt. Straffe... Vingar A-lags store mareritt. Tidlegare i år har vi skote rett på keeper, i tverrliggaren, rett på keeper og rett på keeper nok ein gong. Skulle vi brenne vår femte straffe på rad? Denne gong bestemte trenar Kjæstad seg for at nok fekk vere nok og rista av seg alle forslag om potensielle mågjerarar. Han lukka augene og dundra ballen i mål. Plutseleg var det uavgjort.

Det skulle ikkje vere nok med det. Peter Nilsen var plutseleg omforma til ein aggressiv blodhund som plaga Faaberg-forsvarane til å gjere stadige feil. Nok ein gong ramlar ballen ned til Sondre Løkken, som trillar ballen i mål (sjå fyrste avsnitt). Vantru tilskodarar, spelarar og lagleiarar ser på kvarandre. Kva er det som er i ferd med å skje?

Dessverre klarar vi ikkje å halde heilt inn. Faaberg pøser på med stadig større sjanser, men burvakt Mikalsen har ein Adam Bogdan-dag i målet, og reddar alt som kjem. Til slutt er det eit frispark frå skrått hold som går over alt og alle, og som gjer at Faaberg reddar litt av æra og eit poeng. Sjølvsagt heilt fortent, og dei er også nær eit mål til, men vi held unna. Eitt poeng var ein seier for oss i dag. Etter 0-14 sist var det ikkje så mykje som skulle til for å betre humøret, og vi held fram med å gjere ein særs god haustsesong. Stor laginnsats rett og slett, der alle mann ofra alt! Måndag er sesongens siste heimekamp mot eit anna formlag, Redalen 2. Møt opp og støtt oss til nye bragder!
Tre seire på rad!

LFK3 - Vingar 2-3 (0-3): Kjæstad, Reistad, Asphoug.

Laget: Mikalsen; Lien, Kjæstad, Waalen, Asphoug; Fallingen, Gulliksrud, Kaus; Nilsen, Reistad, Magnus. Også i troppen: Rastad, Løkken, Førisdal.

Vingar - ØTI 3-2 (1-1): Kjæstad, Reistad x2.

Laget: Mikalsen; Fallingen, Kjæstad, Lundemo, Waalen; Gulliksrud, Holø, Kaus; Magnus, Reistad, Nilsen. Også i troppen: Løkken, Førisdal, Rastad, Lien.

Kampane og seirane kjem så tett for tida, at referenten har sitt svare strev med å forfatte nokonlunde vettuge referat. Vi får derfor ta dei to siste kampane i ein svelg.

Fredag kveld var vi på Stampesletta og sprang på oss ryggvondt i møte med Lillehammer 3. Med tidenes lågaste kveldssol rett i maska spelte vi ein skikkeleg god fyrste omgang. Heile laget jobba som ville dyr, og vi hadde full kontroll på topplaget LFK 3. Allereie etter 14 sekund blir vi snytt for årets klaraste straffe når Peter blir løpt ned i feltet. Ikkje at det har noko å seie, vi brenner alle straffer uansett, men det viste at vi hadde alvorlege hensikter.

Utover i omgangen rullar vi opp fleire gode angrep, men det var på daudball vi skulle gjere det. Sjølv utan verdens største mann Lundemo klarte vi å skape eit skikkeleg press på daudball etter daudball, og Kjæstad opnar ballen med eit presist venstreskot frå seks meter. I situasjonen etter er det Reistad som plukkar opp restane etter mykje klabb og babb i feltet, og set inn 2-0.

Det var den den presise venstrelabben til Asphoug som stod bak alle dei gode innlegga. Han har særs motviljug vorte omskolert til venstreback dei siste kampane, og var nok ein gong ein av banas beste. 3-0 dundrer han likesågodt inn sjøl, på eit frispark frå langt bak i bana.

Andre omgang blir ein heilt annan skål. Vi hadde nok overvurdert eigne krefter og sprang oss ferdige dei fyrste 45, og i andre omgang blir vi rett og slett rundspelt.

Vi nyttar omgangen til å leite fram all gammal kynisme, og hentar fram alle triksa i boka. Utover i kampen blir det relativt ampert, med både slag, spark og uvøren kjeftbruk, men vi klarar å ro det heile i land til ein særs viktig trepoenger. Stor innsats frå heile laget bidrog til at vi kunne samlast til ein sosial hyggekveld etterpå med god samvittigheit.
-----------------------------------------------

Onsdag møtte vi Øyer-Tretten til eit skikkeleg revansjeoppgjer. Vi vart rundspelt på alle moglege måtar i vår, og tapte småflaue 6-0. At heile fem av spelarane i startelleveren vår har vore innom den blå ØTI-drakta bidrog også til at prestisjen var langt høgare enn i ein vanleg femtedivisjonskamp.

Nok ein gong er det daudball som gjer susen på den smale Vingar-banen, og Kjæstad stussar ballen direkte i mål på eit langt innkast frå kulestøtaren frå Fåvang Amund Waalen.

ØTI har fleire halvfarlege overgangar etter at vi mistar ballen på veg framover, og det er etter ein slik situasjon at dei utliknar leiinga vår.

I andre omgang er det vår stjernespiss Reistad som tek ansvar og avgjer kampen for oss. Fyrst set han kontrollert ballen i hjørnet frå 20 meter, før han deretter plukkar opp restane etter litt klabb og babb i feltet, og set inn 3-1.

ØTI får ei redusering heilt mot slutten, men nok ein gong klarar vi å halde inn, tross feberheite huggu på mange mann mot slutten.

Dermed har vi sikra oss tre eitmålsseirar på ei veke. Det er tydeleg at mange har brukt sommaren godt, og fleire av oss held nå både 60 og 70 minutt før vi har sprunge oss heilt tomme. Når har vi ti dagar med restitusjon, før det ventar tre kampar på fem dagar. Det blir ein tøff haust, men vi har håp om fleire poeng!
Kampreferat Vingar - Gausdal
Spenning, show og seier!
Vingar - Gausdal 5-4 (3-1): Hans Erik Torgersen, Kjell Lundemo, Peter Nilsen, Torstein Vigen Reistad 2.
Robin Stødle Mikalsen; Einar Lien, Reidar Kjæstad, Kjell Lundemo, Kjetil Asphoug; Kurt Fallingen, Håkon Gulliksrud, Hans Erik Torgersen; Peter Nilsen, Anders Rebni, Torstein Vigen Reistad.
Også på banen utover i kampen: Tobias Magnus, Alv Holø, Morten Rastad, Ola Wottestad, Sondre Løkken, Andreas Hasvold, Hans Christian Enge og Espen Granberg Johnsen.
Det er viktig å drøyme seg bort ein gong iblant. Dei fleste av oss har hatt ein draum om å entre eit fullstappa stadion til korpsmusikk, lysshow og full jubel. Felles for alle Vingar-spelarar er at slikt er vi ikkje gode nok til. Våre meritter avgrensar seg stort sett til eit og anna krinsmeisterskap som lilleputt og eit avansement i Dagningen cup tidleg på 90-talet ein gong, ellers har karrierene våre stort sett vore ei evig vandring i skuggeland.
Derfor er det viktig å skape dei store augneblinka sjølve. Når ingen storklubbar vil hente oss og sleppe oss til på Bernabeu eller Anfield så laga vi like så godt Champions League-stemning på Vingarbanen. Framfor nesten 200 tilskodarar entra vi banen med Saksumdal musikkforening i spissen til eit eventyrleg pyroshow, medan ein ordførar i Vingar-drakt las lagoppstillingar og tok avspark.
Så over til kampen. Den heldt ikkje heilt Champions League-standard. I kjent stil var det kjemping, kriging og nedsparking det dreia seg om, nok ein gong. Med mange store karar på ei lita bane blir det gjerne slik, og det tok si tid før vi klarte å dra i gang særleg til angrep. I stadet brukte vi fyrste omgang til å lage frispark. På Gausdals halvdel, midt på bana og på vår eigen halvdel. Eg trur aldri eg har sett ein kamp med så mange frispark. Ikkje det at det var så grisete, og ikkje at dei var feildømte, vi var berre litegrann for seine heile tida.
Etter kvart klarte vi faktisk å skåre eit mål. Hans Erik Torgersen er såpass gammal at han hugsar Ronaldo (den ekte), og han tuppa ballen i mål frå ti meter. Men vi tålar ikkje å lede, og brukte ikkje mange minutta på å sleppe Gausdal inn i kampen. Robin i målet tek ein Petr Cech og boksar hôl i lufta, og ein framfus gausdøl set ballen i mål.
Men vi skulle slå hardt attende. Fyrst er det verdens største skjåkvær, Kjell Lundemo, som pirkar ballen i mål frå kort hald, før Peter Nilsen på vakkert vis set ballen i krysset med utsida. Dermed går vi til pause med det vi trudde var ei slik nokonlunde trygg leiing. Men det er ikkje noko som er trygt når Vingar speler fotball.
Sjølv om Torstein Reistad skalla inn 4-1, og seinare sette inn 5-2, klarte vi nok ein gong å skape spaning. Trenarteamet har hatt mykje tid til å tenkje ut nye, ubrukelege taktikkar i ferien, og hadde som vanlege mange ambisiøse tankar. Mellom anna vart mannen utan eit einaste defensivt fiber, Kjetil Asphoug, plassert på backen. Det gjekk bra lenge, men mot slutten vart han noko heit på grauten. Om det var i yr glede over at han endeleg har fjerna mulla-skjegget sitt, eller om han rett og slett hadde lyst til å skape litt ekstra spaning for tilskodarane veit vi ikkje, men han bidrog med seine taklingar som gav to straffespark, som begge gjekk i mål. At den siste taklinga var omtrent på midtbana får så vere.
Uansett - vi heldt ut, og drog i land ein etterlengta seier, etter ein eventyrleg kveld for oss i Vingar. Tusen takk til alle som bidrog; korpset, pyro-mannen, tilskodarane, kioskvaktene, ordføraren Gausdal, den gode dommartrioen og heile Vingnes. Døkk gav oss ei oppleving vi kjem til å leve lenge på!
Kampreferat Vingar - Vingrom

Poeng i prestisjeoppgjer

Vingar - Vingrom 2-2 (1-1): Kjetil Asphoug og sjølmål.

Robin Stødle Mikalsen; Kurt Fallingen, Reidar Kjæstad, Amund Waalen, Ola Wottestad; Tobias Magnus, Kjell Lundemo, Håkon Gulliksrud; Andreas Hasvold, Hans Erik Torgersen, Kjetil Asphoug.
Starta på benken: Sondre Løkken, Aleksander Haugen Sørgjerd, Geir Brubakken.

Endeleg var det tid for årets store høgdepunkt på Vingnes, nabooppgjer mot Vingrom. Ein merka at det var noko heilt spesielt som skulle skje. Telefonen var nesten ikkje i ro. Media, sponsorar og samarbeidspartnarar viste stor interesse, og det låg ei sky av nervøsitet og spenning over Pinnikvegen og omegn. Storparten av spelarane takla dessverre ikkje dette presset, og forfalla hagla inn dei siste dagane før kamp. Det vart skulda på ferie, tuberkolose, lårhøner og kjærleiksturar, men sanninga er at mange av dei urutinerte Vingar-spelarane framleis ikkje er heilt klare for slike storoppgjer.

Kampen vart akkurat som forventa. Skyttergravskrig med rikeleg av duellar av alle slag. I fyrste omgang er vi egentleg ganske brukbare, men Vingrom tek leiinga etter at vi mistar ballen på vår venstreside. Vi kjempar oss inn i kampen, og får frispark på drøye 20 meter etter at Tobias Magnus blir holdt, klora og avkledd på veg aleine mot keeper. Kunne vel fort vore ei anna farge på kortet der, men det gjer ikkje så mykje når Kjetil Asphoug dundrar frisparket i mål.

Vi har eit par brukbare moglegheiter til, men Vingrom er også farleg frampå, blant anna med eit frispark i tverrliggaren, så det er greit med uavgjort til pause.

Andre omgang held fram i same spor, kanskje med eit lite spelemessig overtak til bortelaget. Vi merkar det harde kampprogrammet den siste tida, og storparten av midtbana vår haltar rundt med gangsperre og kramper utpå der. Derfor er det kanskje ikkje heilt ufortent når Vingrom går opp i 2-1 etter eit innlegg frå kanten der returen blir heada i mål.

Vi er mange store stygge karar på Vingar, og vi prøver som best vi kan å utnytte daudballar og innkast frå midtbana og inn. Amund Waalens kastarm kombinert med den minste fotballbana i NATO gjer at det er farleg på alle slike situasjonar, og til slutt fekk vi uttelling. Vi er ikkje særleg målfarlege sjølve, og måtte få hjelp også denne gongen. Eit innkast blir stussa i mål av ein Vingrom-spelar, og dermed var vi like langt.

Vi er ikkje vant til å skåre mål, og blir som regel stressa kvar gong vi gjer det. Slik var det også i går, og etter utlikninga får vi posttraumatiske reaksjonar med påfølgjande stress, panikk og lettare hjerneblødninger. Plutseleg tapar vi alle duellar, og Vingrom får fleire moglegheiter til å ta attende leiinga momentant. Heldigvis klarar vi å halde unna, og til slutt ebbar det ut med 2-2. Greit nok i ein kamp der vi kanskje var best i fyrste omgang og Vingrom i andre. Takk til publikum, kioskdamer og alle som var med og leita etter den dyre kampballen vår i villnisset rundt bana etterpå. Den fanst att til slutt! Nå løyver vi oss ein og ein halv månad med etterlengta sommarferie, slik at vi stiller friske og opplagte til nye kanonoppgjer til hausten!
Kampreferat Faaberg2 - Vingar

Feige lag

Faaberg2 - Vingar 14-0 (10-0)

Robin Stødle Mikalsen; Kurt Fallingen, Reidar Kjæstad, Amund Waalen, Kristian Arnesen; Kjell Lundemo, Gunnar Kaus, Hans Erik Torgersen; Tobias Magnus, Håkon Gulliksrud, Kjetil Asphoug.
Også i bruk: Ola Wottestad, Einar Førisdal, Morten Rastad, Aleksander Haugen Sørgjerd, Sondre Løkken.

Det er ikkje akkurat særleg inspirerande å skulle skrive referat etter slike kampar. Det er ikkje så mykje å seie. Vi vart rundspelt etter alle kunstens reglar av eit langt, langt betre lag enn oss sjøl. Det er ingen grunn til å forklare eller unnskulde, det var berre slik det var.

Vi heng slik nokonlunde med i ca 20 minutt, da byrjar måla å renne inn, slik ca eitt i minuttet. Faabergs storokse på kanten herjar som han vil med oss, og står bak storparten av måla. Vi er snille som lam, og det framstår som små ungar mot menn.

Det verste er egentleg at vi faktisk får ein god del rom til å spele fotball i sjølve au, men er livredde kvar einaste gong vi er nær ballen, og vel den enklaste løysinga, å beine den frå oss ved fyrste anledning.

Kampen ber naturleg nok preg av at det er folk som trener 3,4 og 5 gonger i veka mot folk som trener ein sjeldan gong. Men utover i andre omgang får vi da opp eit snev av innsats, og slepp ikkje inn fullt så mykje mål. Vi skaper til og med eit par halvsjanser framover, utan at vi er bestemte nok framfor mål.

Denne kampen er det berre å gløyme, det er ikkje i slike kampar vi skal ta poeng. Dei skal vi ta i neste kamp, mot Vingrom. Og det må vel vere lov å antyde at dersom Faaberg har tenkt å stille med liknande mannskap i resten av sesongen så skal det vere fleire enn oss som skal få kjørt seg nedpå Jorekstad.
Kampreferat Vingar - Toten 2

Skamfullt heimetap

Vingar - Toten2: 0-2 (0-2)

Robin Stødle Mikalsen; Einar Lien, Reidar Kjæstad, Amund Waalen, Sondre Løkken; Håkon Gulliksrud, Kjell Lundemo, Hans Erik Torgersen; Tobias Magnus, Kjetil Asphoug, Einar Førisdal.
Også i troppen: Kristian Arnesen, Peter Nilsen, Ola Wottestad, Geir Brubakken, Morten Rastad, Aleksander Haugen Sørgjerd.

Den fyrste omgangen vi speler må vere noko av det stusslegaste som har vore framsynt på ei norsk fotballbane i nyare tid. Vi har skuldrene langt over øyrene, og spring rundt som hodelause høner. Toten styrer det meste, dei få gongene vi vinn ballen sparker vi den som regel så høgt vi klarer, før vi tapar påfølgjande duell.

Toten hadde lurt med seg eit par av sine fyrstelagsspelarar, som stort sett gjorde som dei ville utpå der. Ein av dei herjar vilt og hemningslaust, legg inn, og vi tapar sjølvsagt duellen på 2 meter. 0-1, heilt fortent. Same mann tek på seg Charlie Adam-skoa like etterpå, og dundrar ballen i mål frå langt hald. Dei har også ei ny kjempesjanse, som blir redda på streken.

Vi skaper absolutt ingen verdens ting, det nærmaste vi kjem er eit par relativt ufarlege langskot.

Andre omgang er trass alt noko betre. Defensivt har vi bra kontroll, og Toten skaper fint lite. Når det er sagt, det er neiggu ikkje mykje champagnefotball å kose seg med frå vår side. Vårt venskap med ballen er på linje med det Jon Gelius har med sine naboar, den sprett stort sett vidare i knehøgde kvar gong vi er nær den.

Vi skaper i alle fall ei halvsjanse i andre omgang, når debutant Peter Nilsen skaffar oss eit straffespark. Eg seier halvsjanse, for vi har brent våre to foregåande straffer i år, og denne gongen er det Kjell Lundemo som tek ansvar, og set ballen trygt midt på keeper. Neste gong ber vi om å få eit frispark i staden. Ikkje det at vi er spesielt farlege på utanfor boksen heller forsåvidt...

Neste veke ventar fyrst kamp mot topplaget Faaberg 2, før vi avsluttar haustsesongen med heimekamp mot Vingrom.
Kampreferat Gausdal - Vingar

Målkalas!

Gausdal - Vingar 2-10 (2-4): Anders Rebni 4, Torstein Reistad 3, Hans Erik Torgersen, Kjetil Asphoug, sjølmål.

Laget: Robin Stødle Mikalsen; Einar Lien, Reidar Kjæstad, Amund Waalen, Kurt Fallingen; Håkon Gulliksrud, Kjell Lundemo, Hans Erik Torgersen; Tobias Magnus, Anders Rebni, Torstein Vigen Reistad.
Benytta innbyttarar: Ola Wottestad, Gunnar Kaus, Tom Erik Kleven, Aleksander Haugen Sørgjerd, Sondre Paulsen Løkken, Kjetil Asphoug, Andreas Hasvold.

Vi kunne reise frå Bjørnsons dal med eit smil om munnen, solbrune etter 90 minutt i sola, og med småpene 10 mål på plusskontoen. Gausdal har streva etter ein strålande start i seriepremiera, og det viste seg tidleg at vi kom til å få mykje rom til å spele fotball i dag. Våre beist av nokre spissar herja til tider rått og hemningslaust med svimle gausdølar, og utover i andre omgang rann det inn med mål.

Vi starta skåringsballet med å skåre på det vakraste vis som finst: Langt innkast. Amund Waalen kastar som ein bloddopa Georg Andersen på sitt beste, og da er det berre å plukke opp restane for Rebni på streken. Tobias Magnus rasa også godt på sin høgrekant, og skapte sjanse etter sjanse for oss, heilt til han drog på seg ei god gammaldags lårhøne og måtte gå ut. Det var frå hans side forarbeidet til Torgersens 2-0-skåring kom. 3-0 fekk vi også, denne gong var det Reistad som skalla inn eit innlegg frå vår venstreside.

Vi har hatt, ehh..., visse defensive problem i sesonginnleiinga, og også i dag klarte vi å gje bort eit par mål. Det fyrste etter eit brot på midten, det andre etter at Kjæstad legg ballen generøst på sylvfat med pungen på ti meter til ein takksam Gausdal-spiss.

Vi får med oss eit mål til inn til pause, og føler da at vi har slik nokonlunde kontroll.

I andre omgang blir Gausdal uhorveleg kjæie, og vi dundrar inn mål etter mål. Det blir for mykje å halde styr på for ein spelande trenar-referent, men vi skårar på gjennomspel, vi skårar på corner, vi skårar på frispark, ja vi skårar på alle moglege vis. Hadde vi hatt litt meir is i magen og ro med ballen kunne vi ratt skåra enda fleire mål, men tosifra er da uansett artig. Mot slutten blir vi høge på oss sjøl og dropper dei få returløpa vi vanlegvis tek, og det var faktisk Gausdal som var nærmast eit sistemål. Artig var det, og nå i skrivande stund er vi faktisk på fjerdeplass på tabellen, altså Champions League-plassering. Neste veke får vi truleg noko hardare motstand, da ventar fyrst bortekamp mot Redalen 2, før Toten 2 kjem til Vingarbanen for å revansjere det sure tapet frå seriepremieren.
Kampreferat Vingar - Lillehammer 3

Vingar - Lillehammer 3 4-8 (1-2): Anders Rebni, Torstein Reistad, Kjetil Asphoug og Gunnar Kaus.

Robin Stødle Mikalsen; Einar Lien (Einar Førisdal), Tom Erik Kleven, Reidar Kjæstad, Erik Berg (Kristian Arnesen); Gunnar Kaus, Håkon Gulliksrud, Kurt Magne Fallingen (Geir Brubakken); Tobias Magnus (Torstein Reistad), Anders Rebni (Ola Wottestad), Kjetil Asphoug.

Det var duka for nytt gjørmebad når vi tok imot serieleiar Lilllehammer 3 på Vingarbanen i kveld. Og det var dei kvitkledde som takla dei tøffe forholda best. Fyrste omgang er forsåvidt ganske jamn. Bortelaget tek leiinga på ei strålande kontring, og vi er gjestmilde og gjev dei 2-0 i same slengen etter eit i overkant nonsjalant attendespel.

Etter dette hever vi oss, og skårer mål på det som kanskje er kampens penaste angrep. Kaus og Asphoug doblar på kant, og Rebni stangar ballen i mål på fremste stolpe. Verdt inngangspengane aleine i seg sjølv det der, tør eg å påstå! I alle fall når det er gratis å kome inn. Dermed går vi til pause med godt mot - vel vitande om at det var vi som skulle angripe i nedoverbakke i andre omgang.

Men det gjekk ikkje mange sekunda av andre omgang før vi gav bort ei ny tomålsleiing etter relativt tamt forsvarsspel frå vår side. Men vi gav ikkje opp, og kjempa oss attende i kampen. Nysigneringa Torstein Reistad dunka inn 2-3 på vakkert vis, og viste at vi har mykje å glede oss på framover! Så pirka Kjetil Asphoug inn 3-3 etter eit langt innkast, og plutseleg var vi med i kampen att.

Men trur du at at vi tok oss på tak, kjørte på vidare og dunka inn fleire mål? Å neida - i staden tok vi på oss att spanderbuksene og gav bort mål etter mål etter mål etter mål. Dei var omtrent like alle saman: Ballen vart lempa inn bak forsvaret vårt. Vi lot dei springe frå oss og skåre gong på gong. Katastrofale greier, og vår defensive trenar har mykje å henge fingrane i framover.

Vi fekk krangla inn ei ny redusering ved Gunnar Kaus, og til slutt endar det heile med flaue 4-8. Det nærmar seg håndballresultat, og det er ikkje artig korkje for oss eller publikum. Etter kampen var det krisemøte, og etter nøye funderingar fekk trenarteamet fornya tillit, under tvil. Det kan nok hende vi må bli litt meir kyniske i spelestil og laguttak framover, det er ikkje artig for nokon å reise rundt og bli herja med. Men det var da ein del positivt å ta med seg - mykje folk og god stemning, og vi skåra da tross alt fire mål. Neste fredag ventar prestisjeduell mot ØTI på Tretten, vi får slikke våre sår og gyve laus att da!
Kampreferat Vingar - Biri

Vingar - Biri 2-5 (0-2): Kjetil Asphoug og Anders Rebni.

Laget: Einar Lien; Einar Førisdal, Håkon Gulliksrud, Reidar Kjæstad, Sondre Løkken (Ola Wottestad); Kurt Fallingen (Aleksander Sørgjerd), Kjell Lundemo, Hans Erik Torgersen; Tobias Magnus, Anders Rebni (Geir Brubakken), Kjetil Asphoug.

Det var duka for folkefest på Vingarbanen torsdag kveld, da eit Vingar fulle av sjølvtillit tok imot eit Biri-lag som vi tapte 6-1 mot i treningskamp for nokre veker sidan. Med stort publikum, perfekt spillevær, god dommar, pliktoppfyllande kioskdamer og kolossalt god stemning klarte dessverre vi på banen ikkje å følgje opp. Biri vart hakket for gode, og vann til slutt 5-2, men vi gav dei kamp!

Det blir sagt at gjørme gjer godt for huda, i såfall blir vi mjuke og flotte i skinnet alle mann etter kveldens batalje mot Biri. Eine halvdelen av bana var flott og tørr, andre halvdelen var eit godt gammaldags gjørmebad. Biri angreip mot grasenden i fyrste omgang, og det gjekk ikkje mange minutt før dei fekk si fyrste skåring. Eit langskot gjekk via Kjæstad og inn bak ein sjanselaus Lien i buret.

Etter dette meldte vi oss på for fullt, og skapte også eit par brukbare sjanser, utan tellande resultat. I staden er det Biri som stangar inn ein daudball, og går til pause med 2-0.

Andre omgang blir ei orgie av duellar, feilpasninger og sklitaklinger. Som om bana ikkje var blaut og tung nok frå før så kom det ei skikkeleg regnskur sendande over Korpberget, som gjorde at ein sank ned til knehasene somme stader på banen.

Men vi kriga oss inn i kampen att, og målsnik Asphoug reduserer på eit frispark som snik seg forbi alt og alle og inn i lengste hjørnet. Dessverre gjekk det ikkje mange minutta før Biri fekk både 3- og 4-1, og kampen var avgjort. Targetman Rebni krangla inn ei ny redusering, før Biri avsluttar kampen med ei skikkeleg kule i krysset.

Vi klarte ikkje å følgje opp den gode seriestarten, men vi gjorde som best vi kunne. Vi er ein samanruska gjeng der mange har langt att til toppforma, vi må få bruke våren til å spele oss i slag.

Tusen takk til alle som kom og heia på oss - eg håpar at døkk kjem attende neste gong au - da satser vi på poeng!

Best når det gjeld!

Toten2 - Vingar 1-4 (1-2): Hans Erik Torgersen, Tobias Magnus, Kjetil Asphoug og Kjell Lundemo.

Laget: Robin Stødle Mikalsen; Einar Lien, Tom Erik Kleven, Reidar Kjæstad, Einar Førisdal (Sondre Løkken); Håkon Gulliksrud, Kjell Lundemo, Kurt Magne Fallingen; Tobias Magnus (Geir Brubakken), Hans Erik Torgersen, Kjetil Asphoug (Aleksander Haugen Sørgjerd).

Det var ein audmjuk og nedstemt gjeng som pakka snippveska og tok kuten mot Toten i dag. Etter nitriste resultat i treningskamp etter treningskamp var det fleire på laget som laug til slekt og vener om kva dei skulle ut på denne måndagskvelden. Frykta for nye nederlag og generell spott og spe låg over oss, fleire hadde nemnt på både bingo, dugnad og gjeddefiske for å ha noko å skulde på dersom det gjekk for gale. Vi var pessimistiske, redde og nedstemte.

Men det skjedde noko i bilane på veg mot potetåkrane på Toten. Vi såg at det var kaldt og surt, det regna og bles, som skapt for hardingar frå høgfjellet på Vingnes. "E trur jamen det bli sklitaklingsføre mæ e", sa ein oppstemt Lundaflo da vi endeleg såg dei store kønnsiloane på Lena. Som om ikkje det var nok hadde trenarane endeleg, etter endelause bomvurderingar i treningskampane, funne ei seiersoppskrift. Ei oppskrift så enkel og genial, som til og med dei mest tungnemme på laget forstod. Vi skulle panke langt. Vi skulle krige. Vi skulle presse som villmenn. Det høyres kanskje enkelt ut, men sann mine ord, jamen har det teke mange søvnlause netter før vi kom på det.

Toten 2 var eit lag med mykje rutine og med eit par gode midtbanespelarar som skulle styre det meste. Det fekk dei berre slik delvis lov til. Endeleg klarte vi å jobbe saman som eit lag, og heile laget, med råskinnet Torgersen i spissen som spiss, jobba som ville dyr. Vi kom stadig rundt på kantane ved lyntoga Magnus og Asphoug, og det var etter denne oppskrifta vi fekk våre to fyrste mål. 0-1 får vi når Torgersen blir spelt gjennom av Asphoug og set ballen sikkert i mål. Den svartskjegga venstrekanten, som er den einaste på laget som har a-kampar på Vingar frå før, var også nestsist på 0-2. Eit langt innlegg blir sikkert heada i mål av stortalentet frå Vingnes Tobias Magnus. Heilt grei debut det, når ein akkurat har fylt 16 år!

Totningane får ei redusering på tampen av omgangen, men vi går oppglødde og tilfredse til pause med 2-1.

Andre omgangen held fram som den fyrste. Vi spelar direkte, pankar mykje langt, og har stort sett grei kontroll defensivt. Greitt nok, dei har eit par store moglegheiter, men keeper Mikalsen viste at han bra spenst i sitt protesebelagte venstrebein og redda oss. Vi får ein god del overgangar som vi misbruker grovt og hemningslaust, men vi skulle likevel få to mål til på eit vis som vi håpar Vingar-publikumet vil sjå mykje av denne sesongen: På daudball. Kjæstad slår begge daudballane frå eigen halvdel. Den fyrste treffer den breie, breie ryggtavla til Lundaflo, Asphoug plukkar opp restane og set inn 3-1. Nokre minutt seinare gjentek vi suksessoppskrifta, men denne gongen gjer den store skjåkværen Lundemo det på eigenhand, og skallar ballen direkte i mål på same vis som Steffen Iversen i EM 2000. Vakkert? Nja. Effektivt og særdeles befriande? Absolutt!

Ein skikkeleg lagseier var det, der alle 14 mann i troppen var med og bidrog. Vi jobba for kvarandre heile kampen, og det er eit godt teikn når begge indreløparane har krampe frå hæl til nakke når kampen er slutt. Utruleg artig å få ein slik start på sesongen. Vi har meir på lager - møt opp torsdag kveld klokka 19 til storkamp mot Biri!

NB! Kvelden vart enda meir Vingar-raud når det tikka inn melding om at G2008-laget hadde slått til med ein overbevisande 13-7-seier mot stormakta Faaberg!

Endeleg seriestart!

Etter ei kort oppkøyring med særs mangelfulle resultat stiller herrelaget opp til sin fyrste obligatoriske kamp på ti år måndag. Med småtriste 3-16 i målskilnad etter dei tre treningskampane er det kanskje greitt at den fyrste forestillinga foregår ein stubb frå heime. Vingars beste menn set seg i bilen og tek kursen mot Lena og Toten 2.

Det er ikkje til å leggje skjul på at det kan kome til å ta noko tid før Vingar på ny blir ei storheit på fotballkartet. Vi har ruska saman eit lag beståande av unge, lokale talent kombinert med gamle heltar som ikkje har spelt fotball på fleire tiår. Når vi også har vore særs opptekne av å ikkje gå i overtreningsfella i oppkøyringa, er det lite som tydar på at vi skal herje med motstandarane i starten av sesongen i alle fall.

Når det er sagt. Vi har faktisk ein god del spelarar som ifølgje seg sjølv er ganske gode. Vi har berre ikkje heilt fått det ut i kamp enda. Trenarteamet kjenner også på presset. Den fyrste kampen starta dei i ein meget ambisiøs 3-5-2-formasjon, noko som gav 4 baklengs dei fyrste 3 minutta. Deretter har dei også prøvd seg med 4-5-1 og 4-4-2, utan at det heller har lykkast noko særleg. Harald Aabrekk fekk fyken etter fire kampar i Aalesund, kan Vingar-teamet slå denne rekorden, og bli sendt på dør allereie fyrste veka, dersom det blir svake resultat mot Toten2 og Biri?

Vi tenkjer at det kan vere greitt å førebu våre trufaste fans på kva som ventar dei nå som Vingar endeleg er attende i ligasystemet. Det er ikkje å stikke under ein stol at vi har hatt utfordringar med å koke ihop ein nokonlunde slagkraftig tropp. Vi har to keeperar, den eine starta oppkøyringa med å knekke foten, den andre gjorde eit heilhjarta forsøk på å kappe av seg fingrane. I forsvaret satsar vi på tyngde, rutine og ekstrem mangel på tempo. På miden satsar vi også på tyngde, rutine, og ekstrem mangel på tempo. Framover har vi faktisk tempo, dog kombinert med langvarige måltørker. Når det er sagt så er framleis transfervindauget på vidt gap, og etter at vi ikkje klarte å stille lag i siste treningskamp før seriestart, har vi forstått at vi må ha ein god del spelarar i troppen for å slite oss gjennom sesongen.

Vi har fyrst og fremst satsa på fysikk, meir nøyaktig på mest mogleg kilo. Vi har ei sentrallinje med snittvekt på godt over 0.1 tonn, og håpar å dra nytte av det på ujamne grasbaner rundt om i distriktet. Vi har øvd på hjørnespark (eit kvarter på Jorekstad i mars), så der trur vi at vi er gode, samt at vi har ein som er god til å kaste langt. Ellers satsar vi på å spele oss i form utover i sesongen.

Vi vil takke for den gode mottakinga vi har fått på Vingnes, med ei særs tolmodig og hjelpsam leiar Kine i fotballgruppa som leiestjerne. Vi takkar også på forhånd for at døkk har tolmod med oss, så håpar vi at vi utover i sesongen kan by på eit og anna glimt av fin fotball.

For dei som av ein eller annan grunn ikkje har høve til å ta turen til Lena måndag, minner vi om fyrste heimekamp torsdag klokka 19 mot Biri.

Terminliste:

Mandag 04.05 klokka 1930: Toten 2 - Vingar
Torsdag 07.05 klokka 19.00: Vingar - Biri
Torsdag 21.05 klokka 19.00: Vingar - Lillehammer 3
Fredag 29.05 klokka 19.00: ØTI - Vingar
Torsdag 04.06 klokka 19.00: Vingar - Kapp
Måndag 08.06 klokka 19.00: Gausdal - Vingar
Mandag 15.06 klokka 19.00: Redalen 2 - Vingar
Onsdag 17.06 klokka 19.30: Vingar - Toten 2
Mandag 22.06 klokka 19.30: Faaberg 2 - Vingar
Fredag 26.06 klokka 19.00: Vingar - Vingrom

Onsdag 12.08 klokka 19.30: Vingar - Gausdal
Fredag 14.08 klokka 20.00: Lillehammer 3 - Vingar
Fredag 21.08 klokka 19.00: Vingar - ØTI
Lørdag 29.08 klokka 15.00: Kapp - Vingar
Mandag 31.08 klokka 19.00: Biri - Vingar
Mandag 07.09 klokka 18.00: Vingar - Redalen 2
Mandag 14.09 klokka 18.00: Vingar - Faaberg 2
Lørdag 19.09 klokka 15.00: Vingrom - Vingar