Vingar 6.divisjon

Vingar skal i år stille herrelag i 6. divisjon. Det vil komme oppdaterte nyheter her rundt laget.
NY SEIER - DENNE GANGEN MOT MOELV 2 !

Moelven2 - Vingar 0-3 (0-2): Kjæstad 2 og Sæther.

Vingar: Robin Stødle Mikalsen (Einar Lien); Morten Rastad (Einar Førisdal), Håkon Gulliksrud, Anders Hølmo, Hans Kristian Enge (Håvard Næprud); Sindre Sæther, Thomas Østdahl, Hans Erik Torgersen; Stephan Andersen (Cato Thomassen), Reidar Kjæstad, Jon Brenden.

Etter ein vår på plastikkbane og Pulastic-golv var det endeleg klart for vårslepp på godt gammaldags gras i steikande sol i Moelv måndag kveld. Og den fyrste halvtimen oppførte vi oss som vårkåt kviger som endeleg får sleppe ut etter ein lang vinter i eit mørkt båsfjøs. Vi sprang rundt på kryss og tvers med høge spark og ivrig snøfting, utan mål og meining og med ballkontroll og ballkjensle som Litago og Staslin på vårbeite.

Moelven 2, som kom frå eit halvtungt 0-10-nederlag i fyrste kamp, var fullt på høgde, og tungsinnet byrja å ta oss. Som om ikkje det var ille nok var vi oppsatt med noko så råflott som assistentdommarar i denne kampen. Noko som betydde at vi ikkje kunne tjuvstarte løpa som vi er vant til, og flagget var i høgste vêret støtt og stadig i det som må kunne kallast ei orgie i offside.

Dommaren skjønte at det kunne gå på helsa laus å la oss stå og stampe utpå grasmatta i Moelv i 45 minutt utan inntak av kjeldevatn frå rustne kraner, og i den innlagte drikkepausa fekk vi brukt såpass med kjeft på kvarandre at vi skjerpa oss litt siste del av omgangen. 1-0 vart det au, etter at banas minstemann Kjæstad fekk stå aleine på eit hjørnespark. 2-0 kom like etterpå når same mann fekk leggbeskyttaren på eit innlegg frå Brenden.

Andre omgang er det stort sett spel mot eit mål. Vi er ikkje godt trent vi, men det var tydeleg at treningsgrunnlaget til våre motstandarar var enda skralare. Gong på gong speler vi oss gjennom til store målsjanser, og gong på gong avsluttar vi med fislete skot over mål, utanfor mål eller rett på keeper. Så skal det seiast at Moelvens målvakt Alhaug var banens soleklart beste aktør, i tillegg til å ha nærmare 20 kvalifiserte redninger, stod han også bak det vesle heimelaget hadde av angrep.

Vi har innsett at vi treng å få litt toppidrettskultur inn i gjengen av bortskjemte latsabbar som utgjer Vingars A-lag. Det er dessverre ingen som har spelt fotball på toppnivå som har vist interesse. I staden har vi henta inn ein kar med til saman 15 verdscupseirar, seks NM-gull og to sylv og tre bronse i VM til troppen. At det er i kombinert viser at dette er ein allsidig kar, og Mikko Kokslien gjorde ein solid debut som indreløpar for Vingar. Som ein takk for innsatsen fekk han også med seg den sure draktvasken heim att.

Vår andre nyinvestering er seriemeister i handball Sindre Sæther. Han skulle, i tillegg til å løpe styggmykje meter på midten, også få æra av å lobbheade inn vårt siste mål til 3-0. Dei som har sett på Sportsrevyen veit at det er viktig å vinne på dårlege dagar. Det gjorde vi denne kvelden, og vi står med tre seirar av tre moglege, og småpene 16-2 i målskilnad.

VINGAR RULLER PÅ MED 3-PONGERE - DENNE GANGEN MÅTTE FURNES BITE I DET OMSTRIDTE EPLET!

Furnes 2 - Vingar IL 1-4 (1-1)

Mål: Jon (2), Jarle, Stephan

Akkurat i det vi begynte å få stølheta ut av kroppen etter torsdagens seriestart, var det allerede ny kamp mot Furnes 2. Vi stilte mannsterke med fjorten mann, inkludert to debutanter (Vegar Ellingsberg og Jarle Finnberget). I tillegg var Stian, Cato T og Torstein tilbake fra skade.

Det var et ungt Furnes 2 som stilte til kamp, og vi visste fra høstsesongen i fjor at de hadde en positiv utvikling. Vi hadde ingen Drogba på topp i dag (Reidar), men Torstein var tilbake og ga oss litt duellkraft. Dessverre fikk han seg en trøkk allerede etter noen få minutter, som førte til et tidlig bytte. Jarle kom inn som stopper, og vi sendte den andre debutanten Vegar opp som spiss. Vi slet litt med å finne posisjonene på midten, og blir liggende med store avstander mellom leddene våre. Dette fører til at ungguttene fra Furnes spiller gjennom midten gang på gang, og trer pasninger mellom backen og stopperen vår. Etter ca. 30 minutter fører dette til en 1-0 scoring fra Furnes. Vi merker at vi blir løpende mye imellom, og klarer omsider å få etablert litt spill. Vi er farlig frempå et par ganger på vår høyre side, hvor Vegar og Stephan kombinerer fint et par ganger. Vi er nære en utligning etter at et innlegg fra høyre ender opp med at ballen treffer stolpen og triller langs strek. Dommeren (for øvrig meget god) mumler at ballen aldri er inne. Rett før pause får Thomas ballen på 20 meter, og drar av et par mann før han fyrer løs. Keeperen får en hånd i været, men på returen hamrer Jon ballen i mål. Vi går til pause med 1-1.

I pausen bestemmer vi oss for å legge oss lavere med midtbanen, siden Furnes spiller seg alt for lett i gjennom på midten. Einar Lien kommer inn som back for HC. Allerede fra start ser vi at formasjonsendringer gir resultater. Furnes har ballen mye, men klarer ikke spille seg gjennom. Pasningene mellom back og stopper, blir enkelt plukket opp gang på gang, samt at midtbanen vår trøkker til og vinner duellene. Vi har ikke ballen mye, men er farlige på kontringene våre. Jon, Stephan og Vegar får store rom å jobbe i på topp. Einar Førrisdal kommer inn for Cato T på midten, og gir oss friske bein på midten. Førris gjør manns jobb på midten, og får tredd en pasning ut til Jon på venstresiden. Jon triller rundt med backen til Furnes og slår et strøkent innlegg til Stephan, som er tryggheten selv og setter. 1-2! Vårt første hjørnespark kommer litt ute i 2.omgang, og der ruver debutant Jarle i lufta. Etter litt klabb og babb får Jarle ballen tilbake i beina, og sender den i nettet. Vi er solide bakover i 2. omgang, og Robin klager på dårlig rygg etter svært få involveringer. Jon rekker å putte 1-4, etter at en motspiller serverer han alene med keeper.

En særdeles viktig seier mot et ungt og hardtarbeidende Furnes. Tipper de kommer til å plukke bra med poeng i løpet av sesongen. Vi fremstår bunnsolide i 2. omgang, så dette lover godt for resten av sesongen. Allerede førstkommende mandag er det ny kamp, borte mot Moelven. Denne skal også vinnes!



OPPDATERT TABELL MENN 6. DIV AVDELING 2 FINNER DU HER !
TERMINLISTA FOR MENN 6. DIV AVDELING 2 FINNER DU HER !

SJOKKSTART FOR HERRELAGET!!


Romedal - Vingar 1-9 (1-4): Brenden 6, Kjæstad 2 og Andersen.

Robin Stødle Mikalsen (Einar Lien); Hans Christian Enge, Håkon Gulliksrud, Anders Hølmo, Håvard Næprud (Harald Floberghagen); Thomas Østdahl, Morten Rastad (Einar Førisdal), Hans Erik Torgersen; Magnus Orderløkken (Stephan Andersen), Reidar Kjæstad, Jon Brenden.

Etter to utetreningar med sju mann på kvar, ein og ein halv treningskamp og avgrensa mengder med eigentrening var vi på ein måte klar for seriestart. Med dette vurderingsgrunnlaget var det ikkje berre enkelt å ta ut eit lag, men etter ei større kolokviegruppe gjennom vegarbeidsområdet på Hedmarken kom det ein oppsiktsvekkjande 11-er på bordet. Verdas treigaste midtstoppar Kjæstad vart flytta opp til å bli verdas treigaste spiss, som ein drivkvit Didier Drogba, som forslagsstillar Mikalsen så lyrisk sa det.

Det verste er at det ikkje fungerte så hakkande gale. Med to lynraske vingar i Orderløkken og Brenden plåga vi til tider middels lettbeinte Romedalforsvararar med tendensar til fint angrepsspel. Og det var målsnik Brenden som starta ballet med ei signaturskåring, klin i vinkelen med høgreslegga. Men heimelaget hekk godt med i starten, og utlikna etter noko nølande forssvarsspel frå vår side. Likevel var det vi som var giftigast, og etter to mål til av Brenden og eit av den drivkvite Drogba gjekk vi til pause med ein nokonlunde komfortabel 4-1-leiing.

I andre omgang var det feige lag. Romedal var ikkje særleg mykje betre trent enn oss, og vi fekk kolossalt med rom å briske oss i. Brenden forlet ikkje offsidelinja i løpet av heile omgangen, blir spelt gjennom gong på gong, og dundrar inn mål frå alle vinklar. Stephan Andersen avsluttar kampens vakraste angrep til si fyrste skåring for sesongen, og Kjæstad lyg på seg eit mål som onde tunger vil ha til var sjølmål.

Fyrst og fremst var det ein lagseier. Eit kontrollert og ballsikkert forsvar, ein midtbanetrio som spring enormt mykje meter, og angriparar som dundrar inn mål. Så kjem vi kanskje til å møte betre motstand seinare i sesongen, men etter ein trå vinter var det særs artig å kome i gang på dette viset. Kampprogrammet er tett, og allereie måndag er det ny kamp borte mot Furnes 2.






Kommentarer

Bli den første til å kommentere

Gjestebok

Bli den første til å legge igjen en melding