Text


HERRER SENIOR 6. DIVISJON



Etter mange år i dvale var det ein gjeng avdanka, lettare overvektige fotballspelarar som pusta liv att i seniorlaget til Vingar vinteren 2014. Vi hadde lyst til å dra i gang eit lag der speleglede, humor, innsatsvilje og minimalt med trening stod i fokus. Det stilte klubben seg godhjarta bak, og sidan har vi stilt lag og representert Vingars vakre raude drakter som best vi kan.


Det er ein god kombinasjon med lokale Vingar-helter, ispedd storvokste gudbrandsdølar og lillehamringar som ikkje er gode nok for andre lag i kommunen, som utgjer seniorlaget. Da vi starta laget hadde vi tre klare reglar. Dei som starta kampen skulle ha draktnummer 1-11, alle skulle spele i svarte fotballsko og vi skulle aldri rykkje opp. Draktreglane vart spolerte i tredje bortekampen da drakt nummer 9 og 11 vart sporlaust borte. Det med fotballskoa rauk da Rustadstuen hadde salg på glorete Diadora-varianter, men opprykksmålet har vi klart å halde. Med god margin. Det vil seie, hausten 2017 var vi litegrann nære på ei stund, men klarte å gje bort topplasseringa til nabo Vingrom. Dei har seinare trekt laget, så det er ingen tvil om at vi gjorde det rette valet.


Sesongen 2018 har vi også vore med og kjempa i toppen lenge, før vi rutinert avga nokre poeng tidleg på hausten, og cruisa inn til ein tredjeplass.


Heilt sidan vi starta opp att laget har det vore spelarar på laget som har teke ansvaret med å vere trenarar, oppmenn og administratorar. Vi kunne veldig gjerne tenkt oss å få med enda fleire personar rundt laget. Ja kanskje til og med nokon som kunne kalla seg trenar, bestemt startoppstillinga og styrt laget under kamp. Er det nokon som kunne tenkje seg dette så er det berre å melde seg!



Tabell for avdelingen finner du her !

Terminlista finner du her !


Kontaktperson for laget er:


Hans Kristian Enge - 41560280

Text


SEIER TIL A-LAGET I SESONGENS SISTE KAMP



Vingar IL avsluttet idag sesongen med hjemmekamp på Vingar mot Ringsaker 2. Det ble en tett og jevnspilt kamp, hvor Vingar IL til slutt dro det lengste strået og vant 1-0 etter scoring av Stephan Andersen i det 66. spilleminutt.

Fotballgruppa ved Gro Opsahl Fallingen hadde lagd i stand litt show for gutta, og Jenter 2008 bidro med å holde pyro før avspark.


Vingar – Ringsaker2 1-0 (0-0): Stephan Andersen


Robin Stødle Mikalsen; Einar Førisdal, Reidar Kjæstad, Håkon Gulliksrud; Hans Kristian Enge (Kjetil Asphoug), Magnus Orderløkken (Sindre Sæther), Thomas Østdahl, Hans Erik Torgersen, Cato Thomassen; Stephan Andersen, Stian Pedersen.


Ho treng litt kvile nå, Vingarbanen. Etter å ha vorte trakka på, spytta på, sklidd på og sparka på kvar kveld sidan mai er det på tide å trekkje ei kvit dyne av snø over, og la ho få kvile i fred. Så kanskje vil ho finne nye krefter og vekse seg grøn og fin og jamn att etter ein god og lang vinter. For nå er ho sliten. Så sliten at godt vante kunstgrashipsterar frå Ringsaker ikkje heilt skjønte kva som venta dei da dei kom til årets siste seriekamp. Dei er eit av få lag i sjettedivisjon som trener, og prøvde å spele elegant, ballbesitjande fotball med innøvde spelmønster og kjapt spel langs bakken.


Det tok ein drøy omgang før dei skjønte at det ikkje gjekk an, og byrja å panke langt dei au. Innan den tid hadde vi hatt ganske grei kontroll, men som vanleg brende vi ein god del sjanser før vi endeleg klarte å få lurt ballen i mål. Men når det fyrst skjedde var det fint å sjå på. Stian Pedersen brukte muskelkraft og fart på å kome seg gjennom, og trilla ballen på tvers til kompis og nestenoffsideplasserte Stephan Andersen som trilla den sikkert i mål.


Etter dette byrja krigen for alvor. Ringsaker skjønte som sagt at dei måtte slå langt dei au, og flytta opp fleire grovbygde karar for å krige. Men krigen vann stort sett vi, og klarte å kontrollere inn ein 1-0-seier framfor langt borti 50 tilskodarar. Dermed ende vi på ein trygg tredjeplass i årets sjette divisjon, eit resultat vi er særs nøgd med. Så satsar vi på at vi klarar å koke i hop eit lag neste år au. Men vi treng hjelp. Fleire av dei som har drege lasset rundt laget har meldt at dei vil trappe ned – så vi treng kraftige forsterkningar, både på banen og i støtteapparatet. Er det nokon som vil bidra så er det berre å melde seg!


Terminliste med resultater for sesongen finner du her -->>

Tabell for 6. divisjon finner du her -->>

Text

Kontakt oss


Vingar idrettslag

osh@gaus.no

92013780


Org nr: 971 298 189 

Form2
Navn
Please fill name field
E-post
Please fill e-mail field
Beskjed
Please fill message field
Send
Build your own website
Ⓒ Alle rettigheter forbeholdt
Privacy Policy
Din personlige integritet er viktig for oss. Vi bruker hovedsakelig cookies for statistikk og for å forbedre brukeropplevelsen.
Jeg aksepterer
Mer informasjon