Text


Nyhetsarkiv



Her ligger en del saker som har vært på nyhetssiden, men som ikke er rykende ferske.



Text


SEIER TIL A-LAGET I SESONGENS SISTE KAMP



Vingar IL avsluttet idag sesongen med hjemmekamp på Vingar mot Ringsaker 2. Det ble en tett og jevnspilt kamp, hvor Vingar IL til slutt dro det lengste strået og vant 1-0 etter scoring av Stephan Andersen i det 66. spilleminutt.

Fotballgruppa ved Gro Opsahl Fallingen hadde lagd i stand litt show for gutta, og Jenter 2008 bidro med å holde pyro før avspark.


Vingar – Ringsaker2 1-0 (0-0): Stephan Andersen


Robin Stødle Mikalsen; Einar Førisdal, Reidar Kjæstad, Håkon Gulliksrud; Hans Kristian Enge (Kjetil Asphoug), Magnus Orderløkken (Sindre Sæther), Thomas Østdahl, Hans Erik Torgersen, Cato Thomassen; Stephan Andersen, Stian Pedersen.


Ho treng litt kvile nå, Vingarbanen. Etter å ha vorte trakka på, spytta på, sklidd på og sparka på kvar kveld sidan mai er det på tide å trekkje ei kvit dyne av snø over, og la ho få kvile i fred. Så kanskje vil ho finne nye krefter og vekse seg grøn og fin og jamn att etter ein god og lang vinter. For nå er ho sliten. Så sliten at godt vante kunstgrashipsterar frå Ringsaker ikkje heilt skjønte kva som venta dei da dei kom til årets siste seriekamp. Dei er eit av få lag i sjettedivisjon som trener, og prøvde å spele elegant, ballbesitjande fotball med innøvde spelmønster og kjapt spel langs bakken.


Det tok ein drøy omgang før dei skjønte at det ikkje gjekk an, og byrja å panke langt dei au. Innan den tid hadde vi hatt ganske grei kontroll, men som vanleg brende vi ein god del sjanser før vi endeleg klarte å få lurt ballen i mål. Men når det fyrst skjedde var det fint å sjå på. Stian Pedersen brukte muskelkraft og fart på å kome seg gjennom, og trilla ballen på tvers til kompis og nestenoffsideplasserte Stephan Andersen som trilla den sikkert i mål.


Etter dette byrja krigen for alvor. Ringsaker skjønte som sagt at dei måtte slå langt dei au, og flytta opp fleire grovbygde karar for å krige. Men krigen vann stort sett vi, og klarte å kontrollere inn ein 1-0-seier framfor langt borti 50 tilskodarar. Dermed ende vi på ein trygg tredjeplass i årets sjette divisjon, eit resultat vi er særs nøgd med. Så satsar vi på at vi klarar å koke i hop eit lag neste år au. Men vi treng hjelp. Fleire av dei som har drege lasset rundt laget har meldt at dei vil trappe ned – så vi treng kraftige forsterkningar, både på banen og i støtteapparatet. Er det nokon som vil bidra så er det berre å melde seg!


Terminliste med resultater for sesongen finner du her -->>

Tabell for 6. divisjon finner du her -->>

Text


SESONGENS SISTE HJEMMEKAMP FOR A-LAGET


Etter ein sesong med både opp- og nedturar er A-laget klare for sin siste kamp heime mot Ringsaker 2 søndag klokka 15. Vingar leia serien til ferien, men resultata har vore noko meir varierande utover hausten, og laget ser ut til å ende på ein tredjeplass. Det er vi godt tilfredse med, det viktigaste denne sesongen var som vanleg å ikkje rykke opp, og det har vi klart med god margin. Når vi samtidig har vunne langt fleire kampar enn vi har tapt så er vi godt tilfredse.

Ringsaker 2 ser ut til å bli nummer to i serien, så det er eit ordentleg toppoppgjer som står på Vingarbanen. Som vanleg er forfalla mange, men med ein stor innsats gjennom helga satsar vi på å stille 11 slik nokonlunde kampklare menn!

Møt opp i Vingarparken søndag 30/9 kl 15, det blir pyroshow, toppoppgjør mellom Vingar-Ringsaker, kiosken er åpen, kaffe/kakao og vafler



Image
Text

MERKEDAG FOTBALL 25/9

Image
Text

Vingar fotballgruppe med herrelaget i spissen inviterer til merkedag i Vingarparken tirsdag 25/9 kl 18-20. 
Det avholdes da merkeprøver for minimerke 1 og 2, samt teknikkmerke ihenhold til NFF sine retningslinjer. Dette er frivillig for spillerne, men vi oppfordrer alle til å stille opp for en hyggelig fotballdag med fokus på spillerutvikling.

·        Merkene finnes i sju forskjellige vanskelighetsgrader: Minimerket 1 og 2, samt Teknikkmerke i blått, rødt, bronse, sølv og gull.

·        Minimerket er anbefalt for aldersgruppen 6 til 12 år. Teknikkmerket anbefales for barn/ungdom mellom 10 og 14 år.

·        For mer informasjon om merkeprøvene gå til https://www.fotball.no/barn-og-ungdom/verdier-og-virkemidler/minimerke-og-teknikkmerket

Etter gjennomførte prøver vil det i etterkant bli utdelt diplom og merker til trenerne som deler ut til spillerne.
Det oppfordres også sterkt til at det øves på merkeprøvene i forkant, både som egentrening og på fotballtreningene.

Kiosken vil være åpen. 


Image
Text

Kontakt oss


Vingar idrettslag

osh@gaus.no

92013780


Org nr: 971 298 189 

Form2
Navn
Please fill name field
E-post
Please fill e-mail field
Beskjed
Please fill message field
Send
Build your own website
Ⓒ Alle rettigheter forbeholdt
Privacy Policy
Din personlige integritet er viktig for oss. Vi bruker hovedsakelig cookies for statistikk og for å forbedre brukeropplevelsen.
Jeg aksepterer
Mer informasjon